Skifantomet, Line Hårklau og eigen VINYL DJ

Arrangementssted:
Kategori: Kva skjer
Dato: Fredag 19 apr 2019

Skifantomet kjem for 6 året på rad for å vise sin årlige skifilm frå Jølstrafjella. Olav Sægrov som står bak Skifantomet er ein meget dyktig skiguide og har etterkvart ganske mange år bak seg med både guiding i Jølstrafjella, skifilmskaping og flittig youtubar - ein god ambassadør for Jølster :) https://www.facebook.com/skifantometsverden

Line Hårklau kjem! Ho er fotojournalist frå Jølster, men no etablert i Oslo. Vart nominert til ÅRETS BILDE i 2018, der ho fekk 2.plass i portrettkategorien. Fekk hederleg omtale under utdelinga av Fagpressens fotopris for bildereportasjen om sauesanking, som var på trykk i UTE. Har gjort arbeid for blant anna DNT, friluftsmagasinet UTE og A magasinet. www.lineharklau.com
Vi gler oss til å høyre meir om Line Hårklau sine eventyr!

Avsluttar kvelden med "Atle køyrer VINYL"
Atle Hamar jobbar til dagen som statssekretær i Klima- og miljødepartementet for klima- og miljøminister Ola Elvestuen, men forutanom si interesse for politikk har han blant anna ein stor lidenskap for musikk, av typen litt eldre rock/pop, spelt på vinyl. Denne kvelden har han lagt vekk dressen, tatt med seg si eiga imponerande vinylplatesamling, og tatt turen til løa for å være VINYL DJ :)

Vi gler oss!

Tid/dato

Dato Tid Arrangementssted
19 Apr
Fredag 19 apr 2019 17:00 - 02:00  

Kontaktinformasjon


Kundeservice


Bestill på nett

Jølster si offisielle bookingside


Rabatt på pakkar


Alt på ein plass


Ingen ekstra avgifter