Rodeookse gruppe inntil 5 personer

Dato: Onsdag 23 mai 2018 - tirsdag 1 jan 2019 Vis kart

I grindverkslåven vår kan du få skikkeleg westernstemning når du prøver rodeo- oksen vår.

Lunde Turiststasjon er den einaste verksemda i Sogn og Fjordane som drive utleige av Rodeo - okse.

Dette er ein mekanisk okse der målet er å halde seg fast så lenge som mogleg.
Vi kan ha konkurranse på kven som klarer å halde ut lengst. Rodeo- oksen kan køyrast i auto- program slik at alle som prøver kan få den same vanskegraden. Det er 3 auto-nivå, i tillegg til at oksen òg kan styrast manuelt ved hjelp av en joystick.
På denne måten kan ein tilpasse aktiviteten til kvar enkelt.
Oksen bevegar seg i alle retninger, den snurrar rundt, vippar til sida og framover / bakover.
Styrekonsollen har skjerm som viser tida, slik at publikum heile tida kan følgje med og heie.
Vår operatør tek vare på sikkerheita og passar på at du alltid kjenner deg trygg.

Rodeo – oksen vert godkjent årleg i samsvar med Tivolilova.

Rodeo er eigna for både barn og vaksne, men vert ikkje tilrådd for personar som er gravide, har rygg- og nakkeplagar el. hjerteproblem.

Vis mer

Bestill nå

Totalpris
Velg dato:
Cabins

Hytter i Stardalen,

Avstand: 10,3 km
Hyttene ligg i Stardalen, like ved Jostedalsbreen Nasjonalpark. Høgstandard
Accomodation

Lunde Turiststasjon

Avstand: 2 meter
Lunde Turiststasjon ligg idyllisk til inst i Kjøsnesfjorden mellom mektige fjell. Vi tilbyr overnatting i rom, hytter eller leilegheiter. All overnatting er basert på sjølvhushald og alle utleigeeiningar har difor eige kjøkken eller tilgang til felleskjøkken. Det er kort veg til Kjøsnesfjorden/ Jølstravatnet som er eit av Europas beste aurefiskevatn. Vi sel fiskekort for heile Jølstravatnet og har i tillegg utleige av båt, kano og kajakk.
Cabins

Skei Servicenter - Jølster Panorama

Avstand: 10,2 km
Skei Servicenter har 4 høgstandard hytter som ligger ved Essostasjonen på Skei i Jølster, midt i sentrum. Hyttene ligger i gå avstand til det meste du treng som dagligvarebutikkar, resturant, kro, hotellet, pub og butikkar, samt bussstasjonen. 1,5 km frå Skei Servicenter AS ligg Jølster Panorama, ein idyllisk og moderne campingplass som ligg i vasskanten av Jølstravatnet. Campingplassen er perfekt for aurefiske og oppleving av flott natur.