Kurs i å lage mat frå grunnen

Dato: Mandag 19 nov 2018 - torsdag 20 des 2018 Vis kart

Fellesskapet rundt grytene med friske råvarer skapar det gode måltidet. Her vert de med og lagar middag, det kan vere ei god suppe og dessert eller ein flott 3-rettars middag.

De får sjølv vere med å bestemme kva de ynskjer å lage. Det som er viktig er gode råvarer og alt laga frå grunnen. Om ein ynskjer øl og vin til maten ordnar vi med det og det kjem i tillegg til kursprisen.

PRISAR

Suppe og dessert:
Opptil 15 personar: Kr. 450 per person
Over 15 personar: Kr. 400 per person

Middag, 3 rettar:
Opptil 15 personar: Kr. 600 per person
Over 15 personar: Kr. 550 per person

EKSEMPEL PÅ MENYAR

Forrettar
Jølstraaure med jordskokkpuré og raudkålsalat
Heimelaga gravlaks med eggerøre og salat
Lefserull med røykelaks, Snøfrisk og salat

Hovudrettar
Heilsteikt lammelår, bakte rotgrønsaker og steikte potetbåtar
Marinert kalvesteik, bakte rotgrønsaker og steikte potetbåtar
Surmjølksmarinert hjortesteik, rosenkål, gulrot og hasselbakka potet
Sosekjøt med ertestuing, gulrot og potet
Fisk og lefsebrød, lettsalta torsk, potet, gulrot og bacon med fiskebrød

Dessertar
Sjokoladepudding med vaniljesaus
Trollkrem
Fruktsalat med råkrem
Yoghurtkem
Fløyterand med hermetiske plommer eller marinerte svisker
Sviskegraut med fløytemjølk

Kurset er for 8–20 personar. Det må bestillast til minimum 8 personar.
Kurset varer i 3-5 timar, alt etter meny.

Inkludert i prisen er:
- Felles måltid med heimelaga råsaft og kaffi
- Oppskriftshefte

Vis mer

Bestill nå

Totalpris
Velg dato:
Camping

Jølvassbu Camping

Avstand: 3,2 km
Om du bare vil nyte ro og fred i naturskjønne omgivelser eller ha en aktiv ferie – hos oss kan du gjøre det meste. Du finner oss på Vassenden ved elva Jølstra.
Cabins

Jølsterlia Hyttetun - Hytter i naturperla Jølster

Avstand: 17,1 km
Hyttene ligg i rolege og barnevennelge omgjevnader midt i Jølster. Vi har flott utsikt til både Jostedalsbreen og mykje av Jølster. Jølster ligg sentralt på Vestlandet og mange tek dagsturar til Geiranger, Briksdalsbreen og Sognefjorden.
Camping

Jølstraholmen Camping AS

Avstand: 1,5 km
Overnatting Jølster? Da er Jølstraholmen Camping plassen for deg. Vi kan tilby standardhytter, luksushytter, leiligheter, caravan plasser med strøm, vann og avløp pluss mye mer. Alt er lokalisert i hjerte av Jølster. Campingplassen er utstyrt med et moderne sanitær anlegg, lekeplass for barna, vannsklie, badekulp, volleyballbane, bordtennis, minigolf, slakk line og mange flere aktiviteter for heile familien