Selskap i Jølstramuseet

Adresse: Håvardtunvegen 4, 6847 Vassenden Vis kart

Adresse: Håvardtunvegen 4, 6847 Vassenden

Jølstramuseet gir ei ekte ramme for selskapet du ynskjer å halde for familie, venner og dei tilsette på arbeidsplassen din. Her kan du senke skuldrane, nyte god mat og drikke og dele dei gode samtalane. Blikket ditt vil alltid ha noko å kvile på med kunst og gjenstandar frå Jølster si fortid på veggane. Om våren, sommar og haust kan selskapet bruke tunet med alle sine fargar og kjenne på den friske brelufta frå Jostedalsbreen.

Du kan velgje å halde selskapet på låven eller i Strandstova. Låven har plass til opptil 90 om det vert dekka opp både i galleriet og oppe i 2.etasje. Strandstova, som er ei gamal røykstove frå Jølster har plass til opptil 25 personar.

Konfirmasjon
Jølstramuseet gir den perfekte ramma for å markere høgtidsdagen for sonen eller dottera i familien. Vi legg vekt på at dette er ungdomen sin dag, og det er viktig at konfirmanten får forme lokalet med sin eigen pynt og skape si eiga ramme. Vi tilpassar menyen etter ynskje frå konfirmanten.

Dåp, namnefest eller berre ein fest for eit nytt familiemedlem

Det vakraste som finnast er eit nytt familiemedlem. Jølstramuseet er glad for dei som ynskjer å ha denne markeringa her hos oss. Vi legg tilrette for at det skal bli ein avslappande og roleg dag for foreldre og barn, og at gjestene har ein triveleg og god dag.

Bryllup
Å halde bryllaupsfesten sin i Jølstramuseet er det mange som har gjort. Ynskjer ein å samle alle gjestane i eit rom under middagen er 50 personar eit godt tal. Vil ein dele dei i to rom kan vi dekke på til 80. Sommarmånadene er den beste tida å feire bryllaup på i Jølstramuseet. Gjestene disponerer heile tunet og husa som høyrer til. Grønfargar, sommerblomster, fuglekvitter og Jølster sine vakre fjelltoppar er ei nydeleg ramme for festen.

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer (booking)
    +47 971 40 975
  • Telefonnummer
    +47 971 40 975
  • Contact person name
    Heidi Fossheim Årdal
  • Contact person email
  • Nettside
  • Åpningstider
    Etter avtale
  • Prisinformasjon
    Pris fra Ring for pristilbod
Camping

Jølvassbu Camping

Avstand: 298 meter
Om du bare vil nyte ro og fred i naturskjønne omgivelser eller ha en aktiv ferie – hos oss kan du gjøre det meste. Du finner oss på Vassenden ved elva Jølstra.
Camping

Jølstraholmen Camping AS

Avstand: 1,4 km
Overnatting Jølster? Da er Jølstraholmen Camping plassen for deg. Vi kan tilby standardhytter, luksushytter, leiligheter, caravan plasser med strøm, vann og avløp pluss mye mer. Alt er lokalisert i hjerte av Jølster. Campingplassen er utstyrt med et moderne sanitær anlegg, lekeplass for barna, vannsklie, badekulp, volleyballbane, bordtennis, minigolf, slakk line og mange flere aktiviteter for heile familien
Cabins

Jølsterlia Hyttetun - Hytter i naturperla Jølster

Avstand: 14,3 km
Hyttene ligg i rolege og barnevennelge omgjevnader midt i Jølster. Vi har flott utsikt til både Jostedalsbreen og mykje av Jølster. Jølster ligg sentralt på Vestlandet og mange tek dagsturar til Geiranger, Briksdalsbreen og Sognefjorden.