Utleige av kajakk for innsjø-/fjordpadling hos GoKajakk

Oppdag Jølster frå ein annan vinkel. Du kan leige stødige kajakkar og kome deg ut på Jølstravatnet.

På Vassenden ved Jølvassbu Camping ligg det 5 tandemkajakkar, 4 barne/ungdomskajakkar og 4 sit-on-top turkajakkar til leige. Barne - og tandemkajakkane er ein hybrid mellom kajakk og kano, og er stødige og lette, og sjansane for å velte er minimal om ein ikkje er ute etter å velte sjølv. Dei skal derimot ikkje nyttast i elv eller på ope hav, då dei lett kan fyllast med vatn. Sit-on-top kajakkane er litt meir ustø, kan velte lettare, og ein dett lett uti vatnet. Ein bør difor vere meir erfaren for desse kajakkane, og vere godt kledd etter temperaturen i vatnet.

Godt instruksjonsmateriell og flytevestar fylgjer ved leige.

Vis mer