Utfordre høgdeskrekken med tilfjells

Vis kart

«tilfjells vi dele alle dei fantasiske opplevelsane som ein kan ha i fjellet med dykk!

Uansett kva type tur du vil ha, kan vi hjelpe deg, og du vil føle deg trygg heile vegen til topps! Våre guidar er vande med å vere på tur. Dei har både kryssa Grønlandsisen og klatra bratte fjellveggar. Deira einaste ønske er å gje deg ein flott tur og vise deg det fantastiske mangfaldet Sunnfjord og Jølster har å by på samtidig som du får ei unik oppleving og ein fantastisk utsikt.»

Oppe i lia under Kvamsfjellet har vi rigga til rappellering. Veggen er høg så dette blir både spennande og utfordrande! Samstundes som du set uåtfor med ryggen først, har vi ei fantastisk utsikt over Vassenden og Jølster. Torer du å utfordre høgdeskrekken og bli med?

Frå parkeringa blir det ein vandretur gjennom terrenget. Ta med gode sko og gjerne litt ekstra klede då det kan bli litt venting. tilfjells har alt de treng av utstyr utover dette.

Booking via telefon: 975 24 632 / 938 88 506
Minimum antal gjester: 3
Maksimum antal gjester: 8
Oppmøte: Jølstraholmen ved lastebilpumpene klokka 10:00 på turdagen, vi køyrer samla oppover bomvegen til øverste parkering i Jølster Skisenter. Det er mulig nokon må køyre eigen bil, dette er avhengig av gruppestørrelse. Vi betaler bomavgifta.
Tid: 2-4 timar tur-retur Jølstraholmen (avhengig av gruppestørrelse)
Pris: 650 NOK per pers.
Familierabatt: 1600 NOK per familie*
Betaling: Kort, ved turstart

20% rabatt for ungdom opp til og med 16 år
*familie = 2 voksne, inntil 2 barn/ungdom opp til og med 16 år.

Det er 12 års aldersgrense på rappellering.

Vi tar forbehold om at ønska gruppestørrelse blir nådd på dei ulike turane, og at veret ikkje hindrar oss i sikker gjennomføring. tilfjells AS tar ikkje økonomisk ansvar for ulykker som kan skje eller skjer på turane våre, og eventuelle forsikringar må kvar enkelt av deltakarane ordne sjølv. Ved å melde seg på tur, forutset turhaldar at deltakar er innforstått med dette og i god allmenntilstand. Deltaking skjer på eige ansvar. Deltakaren har sjølv ansvar for dei handlingar som utførast utover dei instruksane som er gitt av guide. Det er nulltoleranse for alkohol før og under all tur/aktivitet. Kvar enkelt deltakar må signere eigenerklæringsskjema før turstart.

Våre turar er dessverre ikkje tilrettelagde for funksjonshemma.

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Nettside
  • Prisinformasjon
    Pris: 650 NOK per pers. Familierabatt: 1600 NOK per familie* 20% rabatt for ungdom opp til og med 16 år *familie = 2 voksne, inntil 2 barn/ungdom opp til og med 16 år.
Camping

Jølstraholmen Camping AS

Avstand: 11 meter
Overnatting Jølster? Da er Jølstraholmen Camping plassen for deg. Vi kan tilby standardhytter, luksushytter, leiligheter, caravan plasser med strøm, vann og avløp pluss mye mer. Alt er lokalisert i hjerte av Jølster. Campingplassen er utstyrt med et moderne sanitær anlegg, lekeplass for barna, vannsklie, badekulp, volleyballbane, bordtennis, minigolf, slakk line og mange flere aktiviteter for heile familien
Camping

Jølvassbu Camping

Avstand: 1,7 km
Om du bare vil nyte ro og fred i naturskjønne omgivelser eller ha en aktiv ferie – hos oss kan du gjøre det meste. Du finner oss på Vassenden ved elva Jølstra.
Cabins

Jølsterlia Hyttetun - Hytter i naturperla Jølster

Avstand: 15,7 km
Hyttene ligg i rolege og barnevennelge omgjevnader midt i Jølster. Vi har flott utsikt til både Jostedalsbreen og mykje av Jølster. Jølster ligg sentralt på Vestlandet og mange tek dagsturar til Geiranger, Briksdalsbreen og Sognefjorden.