Eventyraren juni

Dato: Fredag 1 jun 2018

Er du ein EVENTYRAR, eller kjenner du ein, så er dette pakken for deg/dei!

Med mat steikt i steinomn i tradisjonsrike Fjordamattunet, klatring opp Astrupsegga med Breogfjell og kajakktur på Jølstravatnet med Go’Kajakk og lunsj laga over bålet og servert ute i det fri, trur vi at Jølster kan innfri ein kvar eventyrar si jakt etter opplevingar utanom det vanlege.

«Ete fysst»
I Sunnfjord seier vi «ete fysst». Så då var det heilt sjølvsagt at ei slik aktivitetshelg i Sunnfjord må starte med litt god mat i magen – vi et fysst

FREDAG:
Kl. 18:00 – 22:00 Velkommen til Jølster i Fjordamattunet. - http://fjordamattunet.no

Vi ønskjer dykk velkomne i vakre Fjordamattunet. Her får ein møte eit godt vertskap og de vil få mykje nyttig kunnskap om tradisjonsbakst. Kari «i Dala» har vore med og forfatta fleire kokebøker og ho deler gladeleg av sin kunnskap med andre. Denne kvelden er det pizzabaking som står på programmet. Her får alle komponere sin eigen pizza og desse blir sjølvsagt steikt i den vedfyrte steinomnen til Kari.

Dette er for alle, og ingen behov for utstyr eller forkunnskap av noko slag.

Denne kvelden får ein mat, heimelaga rabarbrasaft, kokekaffi/te og litt attåt kaffien.

Her vil ein også få informasjon om helga, og ha høve til å stille spørsmål om det er noko ein lurer på. Ein vil også møte andre som skal være med denne helga.

LAURDAG:
Kl. 09:30 – 16:30 Klatring av Astrupsegga, med Breogfjell - http://breogfjell.no

Ekte fjellklatring for alle!

Kanskje var det slik at kunstnaren Nikolai Astrup allereie i 1906 såg potensialet for ei klatrerute i sitt kjende måleri, Kollen? Litt fengslande er i alle fall denne tanken når ein klatrar opp ruta som har fått namnet Astrupsegga. Vi startar på Kjøsnes, ytst i den majestetiske Kjøsnesfjorden, og medan vi går mot ryggen vi skal klatre, opnar utsikta seg raskt mot det velkjende Jølstravatnet.

Om du er på ein av dine første klatreturar, vil du på "innsteget", som det heiter på klatrarane sitt fagspråk, få ei innføring i korleis vi brukar tau og sikringsmidlar for å komme oss trygt til toppen. Sjølve klatringa er på sju taulengder (totalt omlag 280 m) og det vanskelegaste punktet er 4 på ein skala frå 1 til 9. Det meste av klatringa er enkel og på denne turen handlar det om å meistre fjellet og oppleve storslått natur. Sjølve bonusen får du likevel ikkje før du når toppen, der du får nyte eit av dei mest praktfulle utsyna Jølster kan by på.

Stien tilbake til Skei sentrum går i lett terreng via Vikastøylen. Vi avsluttar dagen med ei forfrisking på Thon Hotel Jølster, der synet av det velkjende Jølstravatnet står som ei verdig avslutning på ein ekte klatretur i Astrup sitt rike.

SØNDAG:
Kl. 10:00 – 14:00 Kajakk på Jølstravatnet med Go'Kajakk - http://gokajakk.no

Kajakkpadling er ein allsidig aktivitet, det kan være beinhard trening eller rekreasjon med ei fiskestong på dekk. Kjenn vinden i kroppen og krafta frå bølgjene på kajakktur langs Jølstravatnet medan du nyt synet av den vakre, frodige naturen vi har i Jølster og trekkjer inn den friske vårlufta. Våren er ei nydeleg tid med flotte kontrastar i Nikolai Astrup sitt rike.

Det vil bli servert varm lunsj som ein lagar over bålet og nyt ute i det fri.

Moderat tur

Go’Kajakk stiller med utstyr for ein trygg padletur (kajakk, åre, vest og trekk, sko/støvlar og padlehanskar).

Utstyr: Varm lue, regnjakke, ulltrøye og tjukk ull-/fleecegensar, ullstillongs, varm bukse og regnbukse, tjukke ullstrømper. Ta med eit ekstra par hanskar/vottar + klesskift dersom ein skulle bli våt. Dette må pakkast i vasstette posar. Personleg utstyr som drikkeflaske, solkrem, termos og kamera som toler vatn.

Maks 6 deltakarar per førar

I Jølster har vi ikkje t-bane, trikk eller tog, og bussen går ikkje så ofte, så her må ein sjølv sørge for å komme seg mellom overnattingsplass og aktivitetane. Eigen bil eller samkøyring er ein fordel.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris
Loading