Utforskaren juni

Dato: Fredag 1 jun 2018

«Dette har eg ikkje prøvd før, så det får eg sikkert til!» Er du som Pippi; optimistisk, nysgjerrig, likar å gjere ting på nye måtar, prøve nye aktivitetar og kanskje ein smule konkurransemenneske som likar ei utfordring? Då er denne pakken heilt perfekt!

«Ete fysst»
I Sunnfjord seier vi «ete fysst». Så då var det heilt sjølvsagt at ei slik aktivitetshelg i Sunnfjord må starte med litt god mat i magen – vi et fysst

FREDAG:
Kl. 18:00 – 22:00 Velkommen til Jølster i Fjordamattunet - http://fjordamattunet.no

Vi ønskjer dykk velkomne i vakre Fjordamattunet. Her får ein møte eit godt vertskap og de vil få mykje nyttig kunnskap om tradisjonsbakst. Kari i Dala har vore med og forfatta fleire kokebøker og ho deler gladeleg av sin kunnskap med andre. Denne kvelden er det pizzabaking som står på programmet. Her får alle komponere sin eigen pizza og desse blir sjølvsagt steikt i den vedfyrte steinomnen til Kari.

Dette er for alle, og ingen behov for utstyr eller forkunnskap av noko slag.
Her får ein mat, heimelaga rabarbrasaft, kokekaffi/te og litt attåt kaffien.

Her vil ein også få informasjon om helga, og ha høve til å stille spørsmål om det er noko ein lurer på. Ein vil også møte andre som skal være med på opplevingshelga.

LAURDAG:
Kl. 10:30 – 16:00 Guida fjelløpstur med tilfjells - https://www.tilfjellsas.no

Ikkje la namnet skremme deg. På denne turen er ikkje poenget å slite seg heilt ut, formålet er å bevege seg i terrenget litt meir effektivt enn vanleg. Kanskje finn vi flyten på ein fin fjellrygg medan vi nyt naturen og legg lengdemeterane bak oss! Vi skal ha litt lettare oppakning, litt lettare sko og ta litt kortare pausar enn på ein ”vanleg” fjelltur. Det blir to guidar på denne turen, og om det er behov for det, deler vi opp gruppa for at alle skal få utfordre seg!

Moderat til krevjande, vi legg opp turen etter gruppa og forholda. Heldige er vi i Jølster som har så mange flotte fjellryggar og dalar å velje i!

Utstyr:
Vindtett eller evt. vanntett ytterjakke, gjerne av den litt lettare sorten
Vindtett bukse, tights eller shorts alt etter forholda
Fjell-/terrengløpesko
Mellomlag etter forholda
Hanskar, lue og hals etter forholda
Isolasjonsjakke
Sekk (opptil 18 liter er nok). Det må vere plass til mat nok til ein tur på inntil 5 timar, energibar/gel, drikke og klesbyte. Vi anbefalar ikkje mageveske til å springe med.

SØNDAG:
Kl. 11:00 – 13:00 Aktivitetar på Lunde turiststasjon - http://www.turiststasjon.no


Velkommen til eit eldorado av ein plass! Her kan ein boltre seg i artige aktivitetar og konkurransar som ein mest truleg ikkje har prøvd seg på før, for eksempel rodeo-okse, øksekasting, laserleirdueskyting og bungy running. Har du ikkje prøvd det før? Då får du det sikkert til!

Ein treng ikkje noko utstyr eller forkunnskap for å gjennomføre desse aktivitetane.
Aktivitetane blir både ute og inne, så kle deg etter vêret.

Lett servering i låven.

I Jølster har vi ikkje t-bane, trikk eller tog, og bussen går ikkje så ofte, så her må ein sjølv sørge for å komme seg mellom overnattingsplass og aktivitetane. Eigen bil eller samkøyring er ein fordel.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris
Loading