Frukost og dagskurs skred

Først blir det frukost. Heimebaka brød toppa med heimelaga syltetøy eller spekepølse og kokekaffi attåt hos Fjordamattunet. Etter det blir det skredkurs som passar for deg som likar å gå på topptur!

Vi skal jobbe med gjenkjenning av skredterreng, gjennkjenning av skredfare, ferdselsrutinar i skredterreng og kameratredning.

Om kurset
Dagskurs skred passar for toppturgåarar, frikøyrarar og fjellskiløparar. Vi skal gjennom dagen gje deg som deltakar auka bevisstheit rundt skredfare og korleis ein kan forholde seg til skredfarleg terreng og innblikk i kor, korleis og under kva forhold skred blir utløyst. Vi skal jobbe med gjenkjenning av skredterreng, gjennkjenning av skredfare og ein introduksjon til ferdselsrutinar i skredterreng. På slutten av utedelen øver vi på grunnleggande kameratredning med bruk av sendar/mottaker.

Dagen startar med frukost, kaffi og teori hos Odd og Kari på fantastiske Fjordamattunet.
Dei serverer herleg heimelaga brød, syltetøy og spekepølse, her får du mulegheita til å smørje niste og fylle termosen.

Størsteparten av dagen blir vi ute i Sunnfjordfjella!

Hovudsinstruktør
Ole-Morten Hestetun 43år, gift og 4 barns pappa.
Aktiv innan alpin fjellsport sidan 1987. Ole-Morten har vore instruktør innan skredopplæring sidan 1997 og er NF skredinstruktør nivå 2, NVE snøobservatør 4b og NF Klatreinstruktør Høyfjell.

Program
08:30 - Vi møtest på parkeringa ved Langhaugane barnehage og samkøyrer til Fjordamattunet
08:40-10:00 Frukost, kaffi og teoridel inne på Fjordamattunet
10:00-16:00 Utedel i fjella i Sunnfjord
16:00-16:30 Oppsummering og samkøyring tilbake til Langhogane

Utstyr
-Toppturski (Randonee), splitboard, telemarkski, snowboard
-Fellar, truger om du står på snowboard
-Skistøvlar/snowboardsko
-Stavar
-Skihjelm
-Skibriller
-30-40L sekk
-Drikkeflaske
-Termos

Skredutstyr
-Sendar/mottakar
-Spade
-Søkestang

Bekledning
-Vind eller vanntett ytterbekledning (etter forholda)
-Lue
-Hals
-Hanskar/vottar
-Isolasjonsjakke
-Varmt mellomlag
-Mellomlagsbyte

Vis mer