Jølsterlia Hyttetun - Hytter i naturperla Jølster

Adresse: Årdal, 6843 Skei i Jølster  vis kart
Beliggenhet:

Cabins | Hyttene ligg i rolege og barnevennelge omgjevnader midt i Jølster. Vi har flott utsikt til både Jostedalsbreen og mykje av Jølster. Jølster ligg sentralt på Vestlandet og mange tek dagsturar til Geiranger, Briksdalsbreen og Sognefjorden.

Hytter
Frå den store overbygde terassen har du fantastisk utsikt over dalen, Jølstravatnet, Jostedalsbreen og mange omliggande flotte fjell. Hyttene ligg i rolege og barnevennlege omgjevnader. Her kan du vakne til fuglesongen om våren og sommaren. Om vinteren kan ein gå på ski frå hyttedøra.
Hyttefeltet har gratis trådløst internett.

Fiske
I Jølstravatnet som er Norges beste aurefiskevatn har vi robåt som våre gjester låner gratis. Det er 1 km frå hytta til vatnet.
Fiskekort kan kjøpast hos oss. Beste tida for sportsfiske i Jølstravatnet er Mai, Juni og Juli.

I juni vert Jølster Aurefest arrangert med flotte premiar til dei heldigaste fiskarane.

300 meter frå hytta er det eit mindre vatn der ein og kan fiske aure.

På garden har vi og eit fiskemottak der vi kan vakumpakke og fryse fisk for dei som får meir enn dei klarer å ete. Her kan ein og få kjøpt aure om ein ikkje ønskjer å fiske sjølv.

Hos Norsk Fiskesenter 15 km frå hyttene kan ein få guida fisketurar.

Attraksjonar
Jølster ligg sentralt plassert mellom fjordane på Vestlandet. Mange reiser på dagsturar til kjende turistmål som Briksdalsbreen, Geiranger og Sognefjorden.

Men minst like spennande kan det ofte være å oppsøke Jølsters eigne attraksjoner. På sørsida av Jølstravatnet finn vi den kjende kunstmålaren Nikolai Astrup sin heim Astruptunet. Her er det no museum og galleri.

På Vassenden ligg det sjarmerande Jølstramuseet, og på Ålhus Eikaasgalleriet.

Til Fjærland med dei to brearmane Bøyabreen og Suphellebreen er det berre 30 min å køyre. Her ligg og Norsk Bremuseum.

På Vassenden ligg det sjarmerande Jølstramuseet, og på Ålhus Eikaasgalleriet.

Til Fjærland med dei to brearmane Bøyabreen og Suphellebreen er det berre 30 min å køyre. Her ligg og Norsk Bremuseum.

Kart


Kundeservice


Bestill på nett

Jølster si offisielle bookingside


Rabatt på pakkar


Alt på ein plass


Ingen ekstra avgifter


Kundeservice

Bestill på nett

Jølster si offisielle bookingside


Rabatt på pakkar


Alt på ein plass


Ingen ekstra avgifter