Eikaasgalleriet

Adresse: Ålhus, 6847 Vassenden Vis kart

Adresse: Ålhus, 6847 Vassenden

Eikaasgalleriet er et kunstmuseum og galleri på Ålhus i Jølster kommune. Galleriet ble opprettet da Ludvig Eikaas donerte en stor samling av sine egne verk til kommunen. Samlingen omfatter over 850 verk i form av grafiske trykk, malerier, skulpturer, trykkplater mm.

LUDVIG EIKAAS (1920-2010)
Målaren, grafikaren, teiknaren og skulptøren Ludvig Eikaas frå Jølster var ein av den norske etterkrigstidas mest markante biletkunstnarar. Han var ein av pionerane innanfor non-figurativ kunst, i lag med Gunnar S. Gundersen, Odd Tandberg, Tor Hoff, Inger Sitter, Jakob Weidemann og Knut Rumohr, på slutten av 1940-talet.

Eikaas gjekk relativt raskt attende til eit meir figurativt, men abstrahert og forenkla formspråk. Han er særleg kjend for sine tresnitt og mange portrett og sjølvportrett, ofte med overraskande og humoristiske vinklingar. Han var ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Han var mellom anna den første som tok i bruk hardplast i skulptur.

Eikaas flytta i ung alder til Oslo kor han studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og deretter ved Statens Kunstakademi og Kunstakademiet i København. Han debuterte på Høstutstillingen i 1946 og har sidan den tid hatt mange utstillingar i inn- og utland.

Frå 1970 var han professor ved Statens Kunstakademi, og i perioden 1981-83, rektor same stad. Eikaas er representert i om lag 10 norske kunstmuseum i tillegg til Statens Museum for Kunst i København, Brooklyn Museum of Art i New York, Grand Palais i Paris og Galleria degli Uffizi i Firenze. Han var gift med tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908 – 2000). I 2000 vart Eikaas utnemnd til Riddar av første klasse, St Olavs Orden, for kunsten han har skapt og si formidlingsevne.

EIKAASGALLERIET
Galleriet vart skipa i 1994 og konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2004. Det gamle meieriet på Ålhus vart kjøpt og bygd om til eit moderne kunstgalleri, etter teikningar av arkitekt Arild Waage, for å ta imot kunstsamlinga Ludvig Eikaas gav kommunen. Galleriet ligg på Ålhus langs E39, ved Jølstravatnet, med eiga badestrand og tilgjenge for rullestolbrukarar. Sal av grafikk, kort, bøker og anna. Kafé med enkel servering inne og ute.

SAMLINGA
Samlinga vart donert til Jølster kommune av Ludvig Eikaas. Den omfattar no over 850 verk i ulike teknikkar; grafikk, maleri, skulptur, trykkplater, collage, readymade mm.

Nokre av dei temaa Eikaas stadig vende attende til var dyr, stilleben, urbanitet og abstraksjon, bylivet, mediarelaterte og tekstbaserte verk, sjølvportrett, portrett av familie, kunstnarar og mesenar, arbeidsliv- og typeskildringar, musikk og kjende musikarar.

Om lag ein tredjedel av samlinga er portrett. Av desse er 68 sjølvportrett og 26 av familien. 116 verk er av menneske som har prega kultur- og samfunnslivet i Noreg frå 1950-talet fram til 1990-talet. I samlinga har vi òg 18 portrett Eikaas har laga på oppdrag. I 38 portrett er personen enno ikkje identifisert. Dei fleste portretta er ferdige verk, nokre er skisser.

Tresnittet Portrett av min far (EG 064), er det eldste portrettet i samlinga. Det er skore i 1943, medan Eikaas gjekk på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Dette portrettet synes å ha røter i nokre av Nikolai Astrup sine svartkvite tresnitt. Portretta av familien stammar for det meste frå tida rett før og etter 1960. Da skildrar han både sonen Stig og stedottera Siri Aurdal. Det eldste portrettet vi har av kona Synnøve Anker Aurdal er måleriet frå 1959, og det eldste daterte sjølvportrettet i samlinga er frå 1961. I tiåra som kjem skildrar han seg sjølv og Synnøve med jamne mellomrom.

Show more

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer (booking)
    47 57726767
  • Telefonnummer
    47 57726767 /99202676
  • Nettside
  • Åpningstider
    EIKAASGALLERIET, Ålhus Jølster 01.04 - 02.06: Onsdag, laurdag, søndag: 11-16 03.06 - 15.08: Alle dagar 11-17 16.08 - 15.10: Onsdag, laurdag, søndag: 11-16 17.mai stengt Elles ope etter avtale. Tlf. 47 47 22 36 / 99 20 26 76
  • Prisinformasjon
    Vaksen Vaksen: kr. 50,- Gruppe: kr. 35,- (3+) Student/honnør: kr. 35,- Unntak: Astruptunet kr. 75,- inkl. omvising. Årskort, person kr. 250-, familie kr. 400,-. Kortet kan nyttast på alle avdelingane, og gjeld eitt år frå kjøpsdato. OMVISING Omvising: kr. 75,- Pensjonistar: kr. 50,- Grupper: 10+ kr. 50,- (berre i ordinær opningstid) Omvising kan tingast direkte hos driftseininga. Endring og særskilde opningstider vert annonserte. GRATIS INNGANG TIL UTSTILLINGAR: Born under 18 år – skulegrupper – følgje for funksjonshemma/eldre – reiseleiarar/sjåførar – presse – medlem av NBK/NK/NMF/ICOM/AICA
Camping

Jølvassbu Camping

Avstand: 7,5 km
Om du bare vil nyte ro og fred i naturskjønne omgivelser eller ha en aktiv ferie – hos oss kan du gjøre det meste. Du finner oss på Vassenden ved elva Jølstra.
Camping

Jølstraholmen Camping AS

Avstand: 9,2 km
Overnatting Jølster? Da er Jølstraholmen Camping plassen for deg. Vi kan tilby standardhytter, luksushytter, leiligheter, caravan plasser med strøm, vann og avløp pluss mye mer. Alt er lokalisert i hjerte av Jølster. Campingplassen er utstyrt med et moderne sanitær anlegg, lekeplass for barna, vannsklie, badekulp, volleyballbane, bordtennis, minigolf, slakk line og mange flere aktiviteter for heile familien
Cabins

Skei Servicenter - Jølster Panorama

Avstand: 14,3 km
Skei Servicenter har 4 høgstandard hytter som ligger ved Essostasjonen på Skei i Jølster, midt i sentrum. Hyttene ligger i gå avstand til det meste du treng som dagligvarebutikkar, resturant, kro, hotellet, pub og butikkar, samt bussstasjonen. 1,5 km frå Skei Servicenter AS ligg Jølster Panorama, ein idyllisk og moderne campingplass som ligg i vasskanten av Jølstravatnet. Campingplassen er perfekt for aurefiske og oppleving av flott natur.