Astruptunet

Adresse: Sandalstrand, 6847 Vassenden Vis kart

Adresse: Sandalstrand, 6847 Vassenden

Nikolai Astrup var fødd i Bremanger i 1880, og flytte til prestegarden på Ålhus i Jølster i 1883 då faren, Christian Astrup, fekk presteembetet der. Som eldste son var det forventa at Astrup skulle verte prest – og femten år gamal byrja han på katedralskulen i Trondheim. To år etter avslutta han studiane for å verte kunstnar. I Trondheim fekk han sine første møte med original kunst, og i ungdomsåra beundra han kunsten til Erik Werenskiold, Theodor Kittelsen og Gerhard Munthe

NIKOLAI ASTRUP (1880-1928)
Nikolai Astrup var fødd i Bremanger i 1880, og flytte til prestegarden på Ålhus i Jølster i 1883 då faren, Christian Astrup, fekk presteembetet der. Som eldste son var det forventa at Astrup skulle verte prest – og femten år gamal byrja han på katedralskulen i Trondheim. To år etter avslutta han studiane for å verte kunstnar. I Trondheim fekk han sine første møte med original kunst, og i ungdomsåra beundra han kunsten til Erik Werenskiold, Theodor Kittelsen og Gerhard Munthe.

I 1899 byrja han i Harriet Backers private målarskule i Kristiania, og med støtte frå mesenen og kunstsamlaren Olaf Schou reiste han gjennom Tyskland til Paris i 1901–02. I Paris skreiv han seg inn som elev av Christian Krohg på Académie Colarossi – men allereie i mai 1902 var han attende i Jølster for å byrje på sitt livs kunstprosjekt. Seinare skal han ha uttalt at det var i Paris at Jølsters maleriske moglegheiter gjekk opp for han, truleg med inspirasjon frå kunsten til Henri Matisse, Maurice Denis, Paul Gauguin og Henri «tollaren» Rousseau. Rousseau hevda at naturen var læremeisteren hans, og det same kunne ein sagt om Nikolai Astrup: Jølsternaturen og særleg landskapa kring Ålhus og Sandalstrand, vart Astrups livslange kunstnarlege motiv. I 1905 stilte han ut bileta frå Jølster i Kristiania, og han vart heidra av kritikarane for å fange «Vestlandets sære, forunderlige Natur» i ei ny form.

Astrup var særs oppteken av å halde seg orientert i kunstverda. Han abonnerte på både norske og internasjonale tidsskrift, og reiste på fleire studieturar, blant anna til London i 1908, til Berlin i 1911, og til København og Stockholm i 1916. I 1922–23 reiste han og kona Engel Astrup på ei hendingsrik reise gjennom Tyskland, Sveits og Italia til Algerie, og attende til Jølster via Spania og Frankrike.

Etter eit liv som vart sterkt prega av astma og lungesjukdommar, døydde Astrup av lungebetennelse i januar 1928. På Astruptunet etterlet han seg kona Engel Astrup, som han vigde i 1907, og åtte barn i alderen 2 til 17 år.

ASTRUPTUNET
Sandalstrand, som i dag er best kjent som Astruptunet, var Nikolai Astrups heim i 15 år. Kunstnaren kjøpte den gamle husmannsplassen i september 1912 for å bruke eigedomen som utmark, men etter ei konflikt med grunneigaren på Myklebust, der Astrup og familien hadde budd sidan 1911, flytte han til Sandalstrand i januar 1913.

I 1912 var garden, som låg i ein hengande bratt bakke, i ei syrgjeleg fatning. Det fantes ikkje tilkomstveg, husa var falleferdige, og det gjekk ofte små ras nedover dei bratte bakkane. Astrup valde likevel å satse på plassen som ein framtidig heim for seg og den vaksande familien. Dei komande åra bygde han veg, ny løe, fleire nye hus og atelier, og han byrja å dyrke hagen. Den bratte bakken vart anlagt i torvgardar, som Astrup kalla for grøne veggar, og på dei vaks planteskular, grønsaker, bærbuskar, frukttre og rabarbra. Rabarbraen kalla han for «nordens drue», og i bygda var han særleg kjent for rabarbravinen som han brygga. I tillegg til å dyrke nytteplantar, utforska han òg planterikdomen med kryssing og poting. Kringom i hagen stod det både fletta bjørker og styva tre som likna trolske figurar. Men i følgje han sjølv var all denne eksperimenteringa ei «last».

Astrup skapte seg ein eventyrleg plass, og på 1920–talet byrja han å sjå seg nøgd med sine «hænders gjærninger». Då kunstnaren Ludvig Ravensberg og forfattaren Hans E. Kinck vitja Sandalstrand i 1922, vart dei ståande i rein undring:

Astrup, denne merkelige mand har beåndet alt på dette sted, bygget husene, befruktet og krysset plantene, opbygget tørvoldene, kjempet mot den barske natur, bygget stengrotter og avsatser. Her driver han avvekslende som snekker, gårdbruker, natur- og kulturmenneske. Kinck og jeg går i en eneste forundring (Ravensberg, 12.07.1922).

På 1920–talet vart den nye heimen på Sandalstrand dessutan eit sentralt motiv i kunsten hans. Gjennom 24 maleri (5 stillebensinteriør og 19 landskapsmaleri), samt to tresnittmotiv i ulike versjonar kan ein få eit panorama av Astrups kanskje mest omfattande kunstverk – Astruptunet.

SAMLINGA
Engel Astrup, Astrups kone, budde på Sandalstrand heilt fram til året ho døydde, 1966. Året før selde ho anlegget til Jølster kommune, og i avtalen frå 1965 fylgde alt av lausøyre og kunstverk som var tilhøyrande Astruptunet salet til den nye eigaren. Kommunen forplikta seg dessutan til «å halda ved like Astruptunet – eigedom, hus og alt som avtalen gjeld», med særleg vekt på at innreiinga av husa skulle vere slik som då Nikolai Astrup levde – «så langt det er ynskjeleg». Sjølv hadde Engel Astrup drive tunet nærast som eit museum sidan 1930–talet. På 1930-talet fekk ho blant anna sett inn ei publikumstrapp til atelieret under ombygginga av hovudhuset.

Kjøpsbuet inkluderte dessutan den unike samlinga av Astrups trykkeplater. Sidan museet vart offisielt opna i 1986, har Astruptunet teke i mot fleire sjenerøse gåver og deponi frå Astrup-familien, Gjensidige, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjordlaget i Bergen og fleire private eigarar. I 1991 vart 51 verk frå den tidlegare Reksten-samlinga kjøpt via fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, blant anna Juninatt kl. 3, som er ei blanding av teknikkane maleri og tresnitt. I tillegg til dette har museet fleire tekstilarbeid, blant anna to faner som er måla av Nikolai Astrup og åtte vevnadar etter kunstnarens design. Samlinga huser òg trykkeutstyret og eit utval av Engel Astrups tekstilkunst – eit arbeid som vitnar om ei nyskaping av den tradisjonelle treskurden.

av Tove Kårstad Haugsbø
førstekonservator
Nikolai Astrup forskningssenter for kunst og landskap, KODE Bergen

Show more

Om denne aktiviteten

  • Telefonnummer (booking)
    47 474 76 581/ 992 02 676
  • Telefonnummer
    47 474 76 581 / 992 02 676
  • Contact person name
    Sogn of Fjordane Kunstmuseum
  • Contact person email
  • Åpningstider
    ASTRUPTUNET 2017: 20.05 - 15.06: Laur, søn 11-16, ons 17-20 16.06 - 15.08: Alle dagar 10-17 16.08 - 17.09: Laur, søn 11-16, ons 17-20 Elles ope etter avtale.
  • Prisinformasjon
    BILLETT Vaksen: kr. 50,- Gruppe: kr. 35,- (3+) Student/honnør: kr. 35,- Unntak: Astruptunet kr. 75,- inkl. omvising. Årskort, person kr. 250-, familie kr. 400,-. Kortet kan nyttast på alle avdelingane, og gjeld eitt år frå kjøpsdato. OMVISING Omvising: kr. 75,- Pensjonistar: kr. 50,- Grupper: 10+ kr. 50,- (berre i ordinær opningstid) Omvising kan tingast direkte hos driftseininga. Endring og særskilde opningstider vert annonserte. GRATIS INNGANG TIL UTSTILLINGAR: Born under 18 år – skulegrupper – følgje for funksjonshemma/eldre – reiseleiarar/sjåførar – presse – medlem av NBK/NK/NMF/ICOM/AICA
Camping

Jølvassbu Camping

Avstand: 10,3 km
Om du bare vil nyte ro og fred i naturskjønne omgivelser eller ha en aktiv ferie – hos oss kan du gjøre det meste. Du finner oss på Vassenden ved elva Jølstra.
Camping

Jølstraholmen Camping AS

Avstand: 12 km
Overnatting Jølster? Da er Jølstraholmen Camping plassen for deg. Vi kan tilby standardhytter, luksushytter, leiligheter, caravan plasser med strøm, vann og avløp pluss mye mer. Alt er lokalisert i hjerte av Jølster. Campingplassen er utstyrt med et moderne sanitær anlegg, lekeplass for barna, vannsklie, badekulp, volleyballbane, bordtennis, minigolf, slakk line og mange flere aktiviteter for heile familien
Cabins

Skei Servicenter - Jølster Panorama

Avstand: 11,9 km
Skei Servicenter har 4 høgstandard hytter som ligger ved Essostasjonen på Skei i Jølster, midt i sentrum. Hyttene ligger i gå avstand til det meste du treng som dagligvarebutikkar, resturant, kro, hotellet, pub og butikkar, samt bussstasjonen. 1,5 km frå Skei Servicenter AS ligg Jølster Panorama, ein idyllisk og moderne campingplass som ligg i vasskanten av Jølstravatnet. Campingplassen er perfekt for aurefiske og oppleving av flott natur.