Løa – eit flott lokale til alle anledningar

Vis kart

I løa vår leiger vi ut gamle fjøsen, der vi hadde dyra våre tidlegare, i tillegg til møkkakjellaren. Dette er i «kjellaren» på løa og her er derfor dei fleste veggane gråsteinsmur og i taket er det tømmer og gammal kalk som dei måla både veggar og tak med før. Dette gjev lokalet eit veldig koselig, lunt og særeige preg, og med litt levande lys i veggane og kvite dukar på borda blir det riktig så fint. I tilknytning til løa har vi bygd eit grindabygg med uteplatning og utemøblar, som er kjekt på fine dagar og litt mindre fine dagar- vinter som sommar.

I løa er det innlagt vatn og oppvaskmaskin, men det er ikkje fullt kjøkken. Vi har nokre mobile kokeplater som vi kan sette opp om ein ønsker å halde noko varmt, ellers har vi bålpanne ute og mulighet for å leige gassgrill til å lage mat på. Vi har hatt mange bedrifter og selskap i løa, enten bestiller vi catering eller lagar mat ute over bålpanne og grillar.

Lokale egnar seg best for grupper opp til maks 70 tilbords, men vi kan sjølvsagt også ta større grupper dersom ein kun ønsker kino oppsett.

Vi tilbyr:
- dagsmøter med møtemat og lunsj
- 2 dagers møte med overnatting, frukost, lunsj, middag og aktivitetar
- Bryllupsfest, førsbryllupsfest,
- konfirmasjonar og barnedåp

Priser:
Oppdekka til JULEBORD frå kroner 450 pr person (minimum 15 personar) inkl 3 rettars julemiddag og betjent bar heile kvelden.

Dersom ein kun ønsker å leige lokale til eit privat arrangement tek vi:
- Kroner 3500 for leige av lokale, inkl dekketøy, for dagarrangement
- Kroner 5500 inkl dekketøy for kveldsarrangement
- Leige av dukar kroner 45 pr bord (plass til 8 personar)
- Utvask tek vi på timen, kroner 375 pr time.

Vis mer

Om denne aktiviteten

Camping

Jølstraholmen Camping AS

Avstand: 233 meter
Overnatting Jølster? Da er Jølstraholmen Camping plassen for deg. Vi kan tilby standardhytter, luksushytter, leiligheter, caravan plasser med strøm, vann og avløp pluss mye mer. Alt er lokalisert i hjerte av Jølster. Campingplassen er utstyrt med et moderne sanitær anlegg, lekeplass for barna, vannsklie, badekulp, volleyballbane, bordtennis, minigolf, slakk line og mange flere aktiviteter for heile familien
Camping

Jølvassbu Camping

Avstand: 1,5 km
Om du bare vil nyte ro og fred i naturskjønne omgivelser eller ha en aktiv ferie – hos oss kan du gjøre det meste. Du finner oss på Vassenden ved elva Jølstra.
Cabins

Jølsterlia Hyttetun - Hytter i naturperla Jølster

Avstand: 15,5 km
Hyttene ligg i rolege og barnevennelge omgjevnader midt i Jølster. Vi har flott utsikt til både Jostedalsbreen og mykje av Jølster. Jølster ligg sentralt på Vestlandet og mange tek dagsturar til Geiranger, Briksdalsbreen og Sognefjorden.