Breutsiktstur til Haugabreen med tilfjells

Vis kart

tilfjells vi dele alle dei fantasiske opplevelsane som ein kan ha i fjellet med dykk!

Uansett kva type tur du vil ha, kan vi hjelpe deg, og du vil føle deg trygg heile vegen til topps! Våre guidar er vande med å vere på tur. Dei har både kryssa Grønlandsisen og klatra bratte fjellveggar. Deira einaste ønske er å gje deg ein flott tur og vise deg det fantastiske mangfaldet Sunnfjord og Jølster har å by på samtidig som du får ei unik oppleving og ein fantastisk utsikt.»

Bli med på vandretur og sjå Haugabreen på nært hald. Vi møtast på parkeringa til Thon Hotell Skei, og turen startar med ein 40 minutts køyretur gjennom Stardalen, bygda under breane, og opp Haugadalen. Herfrå går vi på godt etablert sti side om side med breelva gjennom delar av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Dette er noko av det vakraste landskapet Sunnfjord har å by på.

La barna din sjå ein bre på nært hald for første gong. Denne turen egnar seg godt for heile familien.

Ta med gode sko, litt ekstra klede, niste og drikke.

Booking via telefon: 975 24 632 / 938 88 506
Minimum antal gjester: 4
Maksimum antal gjester: 10
Oppmøte: Thon Hotell Skei på parkeringsplassen, klokka 10:00 på turdagen. Vi køyrer samla inn i Stardalen og opp bomvegen til parkeringa i Haugadalen. Det er mulig nokon må køyre eigen bil, dette er avhengig av gruppestørrelse. Vi betaler bomavgifta.
Tid: 5 timar tur-retur Skei.
Pris: 650 NOK per pers.
Familierabatt: 1600 NOK per familie*
Betaling: Kort, ved turstart

50% rabatt for barn opp til og med 12 år
20% rabatt for ungdom opp til og med 16 år
*familie = 2 voksne, inntil 2 barn/ungdom opp til og med 16 år.
På ikkje «familievennlege turar» frårår vi barn om dei ikkje er turvande.

Vi tar forbehold om at ønska gruppestørrelse blir nådd på dei ulike turane, og at veret ikkje hindrar oss i sikker gjennomføring. tilfjells AS tar ikkje økonomisk ansvar for ulykker som kan skje eller skjer på turane våre, og eventuelle forsikringar må kvar enkelt av deltakarane ordne sjølv. Ved å melde seg på tur, forutset turhaldar at deltakar er innforstått med dette og i god allmenntilstand. Deltaking skjer på eige ansvar. Deltakaren har sjølv ansvar for dei handlingar som utførast utover dei instruksane som er gitt av guide. Det er nulltoleranse for alkohol før og under all tur/aktivitet. Kvar enkelt deltakar må signere eigenerklæringsskjema før turstart.

Våre turar er dessverre ikkje tilrettelagde for funksjonshemma.

Show more

Om denne aktiviteten

  • Nettside
  • Prisinformasjon
    Pris: 650 NOK per pers. Familierabatt: 1600 NOK per familie* 50% rabatt for barn opp til og med 12 år 20% rabatt for ungdom opp til og med 16 år *familie = 2 voksne, inntil 2 barn/ungdom opp til og med 16 år. På ikkje «familievennlege turar» frårår vi barn om dei ikkje er turvande.
Cabins

Hytter i Stardalen,

Avstand: 8,7 km
Hyttene ligg i Stardalen, like ved Jostedalsbreen Nasjonalpark. Høgstandard
Accomodation

Lunde Turiststasjon

Avstand: 10,1 km
Lunde Turiststasjon ligg idyllisk til inst i Kjøsnesfjorden mellom mektige fjell. Vi tilbyr overnatting i rom, hytter eller leilegheiter. All overnatting er basert på sjølvhushald og alle utleigeeiningar har difor eige kjøkken eller tilgang til felleskjøkken. Det er kort veg til Kjøsnesfjorden/ Jølstravatnet som er eit av Europas beste aurefiskevatn. Vi sel fiskekort for heile Jølstravatnet og har i tillegg utleige av båt, kano og kajakk.
Cabins

Skei Servicenter - Jølster Panorama

Avstand: 333 meter
Skei Servicenter har 4 høgstandard hytter som ligger ved Essostasjonen på Skei i Jølster, midt i sentrum. Hyttene ligger i gå avstand til det meste du treng som dagligvarebutikkar, resturant, kro, hotellet, pub og butikkar, samt bussstasjonen. 1,5 km frå Skei Servicenter AS ligg Jølster Panorama, ein idyllisk og moderne campingplass som ligg i vasskanten av Jølstravatnet. Campingplassen er perfekt for aurefiske og oppleving av flott natur.