Sunnfjord Golfklubb - Slå eit slag – i fantastiske omgjevnader

Golfbana på Vassenden er ei skogsbane med 9 baner og har ulike utslag på første og andre runde. Den kan dermed spelast som 18-hols bane.

Her er det gode treningsforhold i fantastisk natur. Stor driving range, pitch, putting, bunker – og skulle det komme ein skvett regn, har vi tak over deler av utslagsmattene.

Om du aldri har spelt golf, er barn eller vaksen, kan litt, eller er godt i gang: Hos oss er det plass til alle.

Vi kan også ordne bedriftsarrangement med servering og utleige av lokale.

Vis mer