Eventyraren april

Dato: Fredag 27 apr 2018

Er du ein EVENTYRAR, eller kjenner du ein, så er dette pakken for deg/dei!

Med mat steikt i steinomn i tradisjonsrike Fjordamattunet, villsnøjakt i Jølstrafjella med Breogfjell, kajakk på Jølstravatnet med Go’Kajakk og lunsj laga over bålet og servert ute i det fri, trur vi at Jølster kan innfri ein kvar eventyrar si jakt etter opplevingar utanom det vanlege.

«Ete fysst»
I Sunnfjord seier vi «ete fysst». Så då var det heilt sjølvsagt at ei slik aktivitetshelg i Sunnfjord må starte med litt god mat i magen – vi et fysst

FREDAG:
Kl. 18:00 – 22:00 Velkommen til Jølster i Fjordamattunet. - http://fjordamattunet.no

Vi ønskjer dykk velkomne i vakre Fjordamattunet. Her får ein møte eit godt vertskap og de vil få mykje nyttig kunnskap om tradisjonsbakst. Kari «i Dala» har vore med og forfatta fleire kokebøker og ho deler gladeleg av sin kunnskap med andre. Denne kvelden er det pizzabaking som står på programmet. Her får alle komponere sin eigen pizza og desse blir sjølvsagt steikt i den vedfyrte steinomnen til Kari.

Dette er for alle, og ingen behov for utstyr eller forkunnskap av noko slag.

Denne kvelden får ein mat, heimelaga rabarbrasaft, kokekaffi/te og litt attåt kaffien.

Her vil ein også få informasjon om helga, og ha høve til å stille spørsmål om det er noko ein lurer på. Ein vil også møte andre som skal være med denne helga.

LAURDAG:
Kl. 09:30 – 16:30 - Villsnøjakt i Jølster med Breogfjell - http://breogfjell.no

Breogfjell har leika seg i Jølstrafjella i årevis, og dei vil gjerne ta deg med på tur, på jakt etter villsnøen og dei urørte fjellsidene. I Jølster har vi mykje å velje mellom, så sjansen for å finne urørt snø og fjellsider er stor!

Her blir turen satt opp etter vêr og forhold.
Moderat til hard tur.

På denne turen treng ein å ta med seg eige skiutstyr og det ein treng av ekstrautstyr som hjelm, sol- og skibriller, stavar, truger om ein står på brett, feller om ein står på ski, sekk til niste og klesbyte (ca. 30-40 liters sekk), solkrem og gode klede (noko ull, noko vasstett og noko vindtett m/skifte).

Ein må også ha eige skredutstyr: søkestong, spade og sendar/mottakar.

SØNDAG:
Kl. 10:00 – 14:00 Kajakk på Jølstravatnet med Go'Kajakk - http://gokajakk.no

Kajakkpadling er ein allsidig aktivitet, det kan være beinhard trening eller rekreasjon med ei fiskestong på dekk. Kjenn vinden i kroppen og krafta frå bølgjene på kajakktur langs Jølstravatnet medan du nyt synet av den vakre, frodige naturen vi har i Jølster og trekkjer inn den friske vårlufta. Våren er ei nydeleg tid med flotte kontrastar i Nikolai Astrup sitt rike.

Det vil bli servert varm lunsj som ein lagar over bålet og nyt ute i det fri.

Moderat tur

Go’Kajakk stiller med utstyr for ein trygg padletur (kajakk, åre, vest og trekk, sko/støvlar og padlehanskar).

Utstyr: Varm lue, regnjakke, ulltrøye og tjukk ull-/fleecegensar, ullstillongs, varm bukse og regnbukse, tjukke ullstrømper. Ta med eit ekstra par hanskar/vottar + klesskift dersom ein skulle bli våt. Dette må pakkast i vasstette posar. Personleg utstyr som drikkeflaske, solkrem, termos og kamera som toler vatn.

Maks 6 deltakarar per førar.

I Jølster har vi ikkje t-bane, trikk eller tog, og bussen går ikkje så ofte, så her må ein sjølv sørge for å komme seg mellom overnattingsplass og aktivitetane. Eigen bil eller samkøyring er ein fordel.

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading