Livsnytaren april

Dato: Fredag 27 apr 2018

For deg som veit å nyte livet til det fulle. Få det meste ut av dagen, oppleve nye ting og verdset vakker natur og alt den har å by på. Dette er ein pakke full av gode opplevingar, minner og moro - ein perfekt pakke for ein ekte livsnytar!

«Ete fysst»
I Sunnfjord seier vi «Ete fysst». Så då var det heilt sjølvsagt at ei slik aktivitetshelg i Sunnfjord må starte med litt god mat i magen – vi Et fysst

Fredag:
18:00 – 22:00 Velkommen til Jølster på Fjordamattunet. - http://fjordamattunet.no

Vi ønsker dykk velkomne på vakre Fjordamattunet. Her får ein møte eit godt vertskap og de vil få mykje nyttig kunnskap om tradisjonsbakst. Kari i Dala har vore med å forfatta fleire kokebøker og ho deler gladeleg av sin kunnskap med andre. Denne kvelden er det pizzabaking som står på programmet. Her får alle komponere sin eigen pizza og desse blir sjølvsagt steikt i steinomnen på kjøkkenet til Kari.
Dette er for alle, og ingen behov for utstyr eller forkunnskap av noko slag.
Her får ein mat, heimelaga rabarbrasaft, kokekaffe/te og litt attåt kaffien.

Her vil ein også få informasjon om helga, og ha høve til å stille spørsmål om det er noko ein lurer på og ein vil møte andre som skal være med.

Laurdag:
04:30 – 09:00 Soloppgangstur m/til fjells - https://www.tilfjellsas.no

Vekkarklokka stilt til 04:15, livsnytar, seier du? Det å gå oppover fjellet medan sola og er på veg opp er ei unik oppleving i seg sjølv. Når du trekkjer pusten i grålysinga og ser Jølsterfjella og breane blir malte med sol på den aller finasta tida på året, den tida når snøen ligg på toppane, og dalane begynner å bli grøne, er ei unik oppleving i seg sjølv. Komme ned igjen før klokka 9, ferdig med dagens topptur, ta ein dusj, lese litt i ei bok og slappe av er ei oppleving i seg sjølv. Alle desse opplevingane gjer nettopp dei som blir med på denne turen til livsnytarar!
Namnet soloppgangstur kan vere vanskeleg å etterleve med veret vi har på Vestlandet, men ein tidleg påan tur blir det i allefall! Det er ein fordel å smøre niste kvelden før, sekken er og fin å ha ferdigpakka når avreise er 04:30, med andre ord, grytidleg! Turen vi skal gå er ikkje lang, men gjev gevinst i form av storslagen natur og utsikt.
Enkel tur, vi tar det rolig både opp og ned. Passar for dei fleste.
Det er ikkje krav om noko form for spesialutstyr til ein slik tur, men ha med;
gode tursko/fjellsko som tålar vete, gode turklede etter været, som i april mnd kan være alt frå vinterkle til shorts og t-shirt, så her må ein sjølv halde seg oppdatert på værmeldingane og pakke etter det. I tillegg treng ein tursekk til niste, termos til varm drikke og litt ekstra kle til stillesitting og nyting av utsikta på toppen. Dagen kan ikkje starte betre enn dette!

Frå kl 09:000 til kl 13:00: Avslapping – cowboystrekk på puta

13:00 – 17:00 Kajakk på Jølstravatnet, med Go'kajakk - http://gokajakk.no

Etter ein fantastisk start på dagen toppar vi den med ein kajakktur på Jølstravatne. Her kan du roe heilt ned og nyte den frodige naturen i Astrup sitt rike. På denne tida av året er fjelltoppane fortsatt dekte av snø og dalane byrjar å grøne. Lufta frå breen er ekstra klar og frisk, Jølstrauren er vakna til liv og fiske er i full gang på Jølstravatne. Våren, den finaste tida!

Oppmøtestad får ein beskjed om ved ankomst på fredagen.
Enkel til moderat tur
GòKajakk stiller med utstyr for ein trygg padletur (kajakk, åre, vest og trekk, sko/støvler og padlehanskar)
Bekledning: Varm lue, regnjakke, ulltrøye og tykk ull/fleece genser, ullstillongs, varm bukse og regnbukse, tykke ullstrømper, eller etter været som vi pleier å sei.
Ta med eit ekstra par med hanskar/votter + kleskift dersom ein skulle bli våt. Dette må pakkast i vasstette posar.
Personleg utstyr som drikkeflaske, solkrem, termos og kamera som tåler vatn.

Søndag:
10:00 – 14:00 Golf på Sunnfjord Golfklubb - http://sunnfjordgk.no/

Om ein aldri har teke i ei golfkølle før eller er halveis på veg til å bli proff, på Sunnfjord Golfklubb tilpassar Donovan Goosen, som er tidlegare golf pro og ein utruleg dyktig instruktør, nivået etter deg.
Etter ei lita gjennomføring, instruksjon og litt øving på driving rangen og puttebana, blir det scrambel turnering på bana.
Scramble / Best-ball er ei flott turnering som engasjerer – uansett kva nivå ein spelar på.
Dette er eit særs populært lagspel, med 3-4 personar på kvart lag. Reglane er enkle: Alle slår ut sin ball på utslag, spelar vidare frå den beste ball og held fram på same måte til ballen er i holet.

For alle, treng ingen førehandskunnskap.
Utstyr og ballar får ein låne på golfbana. Klede etter været. Golf kan ein spele i nesten all slags vær, berre ein har gode sko og kle på seg.
Premiering og lett servering i klubbhuset etter endt turnering.

I Jølster går der ikkje hverken t-bane, trikk, tog eller veldig mykje buss, så her må ein sjølv sørge for å komme seg mellom overnatingsplass og aktivitetane. Eigen bil eller samkjøring er ein fordel.

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading