Utforskaren april

Dato: Fredag 27 apr 2018

Ditta har eg ikkje prøvd før, så det får eg sikker til!
Er du som Pippi; optimistisk, nysgjerrig, likar å gjere ting på nye måtar, prøve nye aktivitetar og kanskje ein smule konkurransemenneske som likar ei utfordring? Då er denne opplevingspakken heilt perfekt!

«Ete fysst»
I Sunnfjord seier vi «Ete fysst». Så då var det heilt sjølvsagt at ei slik aktivitetshelg i Sunnfjord må starte med litt god mat i magen – vi Et fysst

Fredag:
18:00 – 22:00 Velkommen til Jølster på Fjordamattunet - http://fjordamattunet.no

Vi ønsker dykk velkomne på vakre Fjordamattunet. Her får ein møte eit godt vertskap og de vil få mykje nyttig kunnskap om tradisjonsbakst. Kari i Dala har vore med å forfatta fleire kokebøker og ho deler gladeleg av sin kunnskap med andre. Denne kvelden er det pizzabaking som står på programmet. Her får alle komponere sin eigen pizza og desse blir sjølvsagt steikt i steinomnen på kjøkkenet til Kari.
Dette er for alle, og ingen behov for utstyr eller forkunnskap av noko slag.
Her får ein mat, heimelaga rabarbrasaft, kokekaffe/te og litt attåt kaffien.

Her vil ein også få informasjon om helga, og ha høve til å stille spørsmål om det er noko ein lurer på og ein vil møte andre som skal være med.

Laurdag:
10:30 – 16:00 Guida vårtopptur med sykkeltransport - https://www.tilfjellsas.no

Har du nokon gang slengt skia på sekken og sykla til dit du skal begynne toppturen? Bli med og prøv då vel! Det kan nesten ikkje blir finare enn vårtopptur i Jølster, Astrup sitt rike. Snøen dekkar fjelltoppane, dalane begynner å bli frodige, og jaggu santen er det gode muligheiter for puddersnø! Og om den uteblir, kan vi kanskje kaste skjorta oppover bakkane og la årets brunfarge få feste sine første tak.
Vi reiser på jakt etter den gode snøen, den finaste utsikta eller den beste solsida alt etter forhold og ver, vi tilpassar turen etter gruppa. Enkel til moderat tur.
På denne turen treng ein ta med seg eige skiutstyr og det ein treng av tilbehør, hjelm, sol- og skibriller, stavar, truger om ein står på brett, feller om ein står på ski, sekk til niste og klesbyte, ca 30-40liters sekk. Solkrem og god bekledning, noko ull, noko vanntett og noko vindtett m/skifte.

Ein må også ha eige skredutstyr: søkestang, spade og sendar/mottakar.

Søndag:
11:00 – 13:00 Aktivitetar på Lunde turiststasjon - http://www.turiststasjon.no

Velkommen til eit aktivitetseldorado av ein plass! Her kan ein boltre seg i artige aktivitetar og konkurransar, som ein mest truleg ikkje har prøvd seg på før, ein kan få prøve rodeo okse, øksekasting, laserleirdueskyting og bungy running. Har du ikkje prøvd det før? Då får du det sikkert til!

Her treng ein ingenting av utstyr eller forkunnskap for å kunne gjennomføre.
Her blir det litt ute og litt inne, så kle deg etter været, det er lurt.
Lett servering i låven.

I Jølster går der ikkje hverken t-bane, trikk, tog eller veldig mykje buss, så her må ein sjølv sørge for å komme seg mellom overnatingsplass og aktivitetane. Eigen bil eller samkjøring er ein fordel.

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading