Eventyraren juni

Dato: Fredag 1 jun 2018

Er du ein EVENTYRAR, eller kjenner du ein, så er dette pakken for deg/dei!

Med mat tilberedt i steinomn på tradisjonsrike Fjordamattunet, klatring opp Astrupegga med BreogFjell og kajakk på Jølstravatne med Go’kajakk og lunsj tilberedt over bålet, servert ute i det fri, trur eg vi kan innfri ein kvar eventyrar sin søken etter opplevingar utanom det vanlege.

«Ete fysst»
I Sunnfjord seier vi «Ete fysst». Så då var det heilt sjølvsagt at ei slik aktivitetshelg i Sunnfjord må starte med litt god mat i magen – vi Et fysst

Fredag:
18:00 – 22:00 Velkommen til Jølster på Fjordamattunet - http://fjordamattunet.no

Vi ønsker dykk velkomne på vakre Fjordamattunet. Her får ein møte eit godt vertskap og de vil få mykje nyttig kunnskap om tradisjonsbakst. Kari i Dala har vore med å forfatta fleire kokebøker og ho deler gladeleg av sin kunnskap med andre. Denne kvelden er det pizzabaking som står på programmet. Her får alle komponere sin eigen pizza og desse blir sjølvsagt steikt i steinomnen på kjøkkenet til Kari.
Dette er for alle, og ingen behov for utstyr eller forkunnskap av noko slag.
Her får ein mat, heimelaga rabarbrasaft, kokekaffe/te og litt attåt kaffien.

Her vil ein også få informasjon om helga, og ha høve til å stille spørsmål om det er noko ein lurer på og ein vil møte andre som skal være med.

Laurdag
09:30 – 16:30 Klatring av Astrupeegga, med Bre og Fjell - http://breogfjell.no

Ekte fjellklatring for alle!
Kanskje var det slik at kunstnaren Nikolai Astrup allereie i 1906 såg potensiale for ei klatrerute i sitt kjende måleri, Kollen? Litt fengslande er i alle fall denne tanken når ein klatrar opp ruta som har fått namnet Astrupsegga. Vi startar på Kjøsnes, yst i den majestetiske Kjøsnesfjorden, og medan vi går mot ryggen vi skal klatre opnar utsikta seg raskt mot det velkjende Jølstravatnet. Om du er på ein av dine første klatreturar, vil du på "innsteget", som det heiter på klatrarane sitt fagspråk, få ei innføring i korleis vi brukar tau og sikringsmidlar for å komme oss trygt til toppen. Sjølve klatringa er på sju taulengder (totalt omlag 280 m) og det vanskelegaste punktet er 4- på ein skala frå 1 til 9. Det meste av klatringa er enkel og på denne turen handlar det om å meistre fjellet og oppleve storslått natur. Sjølve bonusen får du likevel ikkje før du når toppen, der du får nyte eit av dei mest praktfulle utsyna Jølster kan by på. Stien tilbake til Skei sentrum går i lett terreng via Vikastøylen. Vi avsluttar dagen med ei forfrisking på Thon Hotel Jølster, der synet av det velkjende Jølstravatnet står som ei verdig avslutning på ein ekte klatretur i Astrup sitt rike.

søndag
10:00 – 14:00 Kajakk på Jølstravatnet med Go'kajakk - http://gokajakk.no

Kajakkpadling er ein allsidig aktivitet, det kan være beinhard trening eller rekreasjon med ei fiskestang på dekk. Kjenn vinden i kroppen og kraften frå bølgene på kajakktur langs Jølstravatne, medan du nyt synet av den vakre, frodige naturen vi har i Jølster og trekker inn den friske vårlufta som trekker innover frå breen.
Våre er ei nydelig tid med flotte kontrastar i Nikolai Astrup sitt rike.

Det vil bli servert varm lunsj som ein lagar over bålet og nyter ute i det fri.
Moderat tur
GòKajakk stiller med utstyr for ein trygg padletur (kajakk, åre, vest og trekk, sko/støvler og padlehansker).
Bekledning: Varm lue, regnjakke, ulltrøye og tykk ull/fleece genser, ullstillongs, varm bukse og regnbukse, tykke ullstrømper.
Ta med eit ekstra par med hanskar/votter + kleskift dersom ein skulle bli våt. Dette må pakkast i vasstette posar.
Personleg utstyr som drikkeflaske, solkrem, termos og kamera som tåler vatn.

I Jølster går der ikkje hverken t-bane, trikk, tog eller veldig mykje buss, så her må ein sjølv sørge for å komme seg mellom overnatingsplass og aktivitetane. Eigen bil eller samkjøring er ein fordel.

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading