Utforskaren juni

Dato: Fredag 1 jun 2018

Ditta har eg ikkje prøvd før, så det får eg sikker til!»
Er du som Pippi; optimistisk, nysgjerrig, likar å gjere ting på nye måtar, prøve nye aktivitetar og kanskje ein smule konkurransemenneske som likar ei utfordring. Eller kjenner du nokon som er slik? Då er denne opplevingspakken heilt perfekt!

«Ete fysst»
I Sunnfjord seier vi «Ete fysst». Så då var det heilt sjølvsagt at ei slik aktivitetshelg i Sunnfjord må starte med litt god mat i magen – vi Et fysst

Fredag:
18:00 – 22:00

Velkommen til Jølster på Fjordamattunet.
Vi ønsker dykk velkomne på vakre Fjordamattunet. Her får ein møte eit godt vertskap og de vil få mykje nyttig kunnskap om tradisjonsbakst. Kari i Dala har vore med å forfatta fleire kokebøker og ho deler gladeleg av sin kunnskap med andre. Denne kvelden er det pizzabaking som står på programmet. Her får alle komponere sin eigen pizza og desse blir sjølvsagt steikt i steinomnen på kjøkkenet til Kari.
Dette er for alle, og ingen behov for utstyr eller forkunnskap av noko slag.
Her får ein mat, heimelaga rabarbrasaft, kokekaffe/te og litt attåt kaffien.

Her vil ein også få informasjon om helga, og ha høve til å stille spørsmål om det er noko ein lurer på og ein vil møte andre som skal være med.

Laurdag:
10:30 – 16:00 Guida fjelløpstur med tilfjells - https://www.tilfjellsas.no

Ikkje la namnet skremme deg, på denne turen er ikkje poenget å slite seg heilt ut, formålet er å bevege seg i terrenget litt meir effektivt enn vanleg. Kanskje finn vi flyten på ein fin fjellrygg mens vi nyt naturen og legg lengdemeterane bak oss! Vi skal ha litt lettare oppakning, litt lettare sko og ta litt kortare pausar enn på ein ”vanleg” fjelltur. Vi blir to guidar på denne turen, og om det er behov for det, deler vi opp gruppa for at alle skal få utfordre seg!
Moderat til krevjande, vi legg opp turen etter gruppa og forholda, heldige er vi i Jølster som har så mange flotte fjellryggar og dalar å velje i!
Utstyr:
-Vindtett eller evt. vanntett ytterjakke, gjerne av den litt lettare sorten
-Vindtett bukse, tights eller shorts alt etter forholda
-Fjell/terrengløpesko
-Mellomlag etter forholda
-Hanskar, lue og hals etter forholda
-Isolasjonsjakke
-Sekk (opptil 18L er nok) må vere plass til nok mat til tur på inntil 5 timar, energibar/gel, drikke og klesbyte. (anbefalar ikkje mageveske til å springe med)

Søndag:
11:00 – 13:00 Aktivitetar på Lunde turiststasjon - http://www.turiststasjon.no

Velkommen til eit aktivitetseldorado av ein plass! Her kan ein boltre seg i artige aktivitetar og konkurransar, som ein mest truleg ikkje har prøvd seg på før, ein kan få prøve rodeo okse, øksekasting, laserleirdueskyting og bungy running. Anbefalast!

Her treng ein ingenting av utstyr eller forkunnskap for å kunne gjennomføre.
Her blir det litt ute og litt inne, så kle deg etter været, det er lurt.
Lett servering i låven.

I Jølster går der ikkje hverken t-bane, trikk, tog eller veldig mykje buss, så her må ein sjølv sørge for å komme seg mellom overnatingsplass og aktivitetane. Eigen bil eller samkjøring er ein fordel.

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading