Bli klar til skisesongen - Alpin og toppturteknikk 2019

Berre eit steinkast unna Jølstraholmen finn ein Jølsterskisenter. Eit fantastisk anlegg midt i Sogn og Fjordane, i hjarte av Sunnfjord.

Omkransa av høge fjell og med 4km preparerte løyper. Anlegget har kunstsnø i omlag 90% av traseane for tidleg oppstart av sesongen. På toppen av skiheisane kan ein lett ta seg på toppen av Kvamsfjellet for å skue ut over alle toppane i nærleiken. Under finner du film frå då skipatruljen besøkte Jølsterskisenter i 2018. Ein finn også ein fantasisk pakke med teknikkurs for dei som vil få enda meir ut av skikjøringen sin både i og utanfor løypene.

Bli klar til topptursesongen!

Denne helga skal ein bli flinkare til å stå på ski nedover, bli meir effektive oppover og lære meir om ferdsel i vinterfjellet.
Eirik Hole er født med ski på beina og som tidlegare alpintrenar for det amerikanske damelandslaget vil han pusse teknikken din slik at du blir ein racer i bakken og ein råtass nedover fjellet! Du kjem til å lære eit triks eller ti som er ein landslagskøyrar verdig!

Øyvind Holsen Foss, skal vise deg teknikkar som gjer turen oppover lettar og lære deg korleis ein kan ta tryggare valg i vinterfjellet. Han kjenner fjella i Jølster og Sunnfjord like godt som si eiga bukselomme og viser villig vekk sine toppturjuvelar i Jølstrafjella.
Alt blir så mykje bedre om teknikken sitte, turen opp går som ein draum og turen ned som ein dans på roser, men med 3 dagar i Sunnfjord så lærer du også ein tredje ting: Skiglede! Det er den frydefulle fridomen som får deg til å juble høgt når du kan sleppe deg laus i snøen saman med dei andre!

***

Praktisk informasjon
Ein vil ha sin base i hyttene på Jølstraholmen og Jølster Skisenter. Vi brukar bakken og området rundt for teknikktreninga.
Alle må ha med seg sitt eige skiutstyr og skredutstyr. Har ein berre alpinutstyr er det mulig å låne toppturski i Jølster skisenter, må ha beskjed om dette ved kjøp av pakke. Gode glede er viktig, ull og gode ytterklær er eit must. Pakk og kle deg etter værmeldingar og vær.

Dag 1, Ankomstdag – Jølstraholmen Camping og Fjordamattunet
Innsjekk i hytter og deretter dreg vi på Fjordamattunet kl.18.00 for informasjon om dei komande dagane, møte kvarandre og guidane og pizzabaking og mat. Kari som driver Fjordamattunet ta imot oss, fortelle litt om plassen og seg sjølv.

Dag 2, Jølster skisenter
Oppmøte i Jølster Skisenter kl.10.00. Startar med teknikktrening i bakke
Felles middag/grilling på kvelden

Dag 3, Jølster Skisenter og omegn
Oppmøte i Jølster Skisenter kl.10.00.
På kvelden blir det felles middag.

Dag 4, Avreisedag - skredlære på tur
Dette er siste dagen, så her er det viktig å pakke saman før ein reiser ut på morgonen. Oppmøte kl.10.00, blir bestemt dagen i forveien. Etter endt økt denne dagen er det mulighet for å dusje og skifte på Jølstraholmen, deretter heimreise. Om nokon ønsker å bli ei ekstra natt er dette mulig for kroner 500 ekstra pr person. Dette må vi ha beskjed om på førehand direkte på epost: kristine@jolstraholmen.no
Kr. 4900,- ved kjøp før 24.12.18
kr. 5500,- etter 24.12.18, inkl overnatting, mat, pizzabakingskurs på Fjordamattunet og teknikktrening med 2 guidar.

Vis mer